Forventningsnormene

Nynorsk | Bokmål

Vurderingsområde 1: Kommunikasjon

Under Kommunikasjon blir det vurdert i kva grad teksten kommuniserer med lesarar på ein relevant måte.

Etter 4. trinn

Skrivaren skal:

  • innta ein relevant skrivarposisjon
  • vende seg på ein relevant måte til ein eller fleire kjende lesarar
  • bruke ei overskrift som orienterer lesaren på ein relevant måte.

Etter 7. trinn

Skrivaren skal:

  • innta relevante skrivarposisjonar og kunne veksle mellom ulike relevante skrivarposisjonar
  • vende seg på ein relevant måte til kjende og/eller ukjende lesarar.

Vurderingsområde 2: Innhald

Under Innhald vurderer ein om det som teksten handlar om, er relevant og utdjupa.

Etter 4. trinn

Skriveren skal:

  • presentere eigne inntrykk, erfaringar, tankar og/eller meiningar
  • presentere og utdjupe eit innhald henta frå førestillingar, erfarings- og/eller kunnskapsområde som skrivaren er kjent med.

Etter 7. trinn

Skrivaren skal:

  • presentere eigne og andres førestellingar, erfaringar og synspunkt på ein utdjupa måte
  • presentere og utdjupe eit innhald som er tematisk relevant, til dømes for det fagområdet ein skriv om
  • tilpasse mengda av innhald til det som teksten handlar om.

 

Vurderingsområde 3: Tekstoppbygging

Under Tekstoppbygging vurderer ein den overordna komposisjonen i teksten, samanhengen mellom dei enkelte delane av teksten og i dei ulike delane av teksten.

Etter 4. trinn

Skrivaren skal:

  • meistre nokre relevante komposisjonsprinsipp
  • setje saman teksten med innleiing, hovuddel og avslutning
  • skape tematisk samanheng i dei ulike delane av teksten
  • uttrykkje samanheng i teksten med koplingsmarkørar som «eller», «men», «fordi» og liknande.

Etter 7. trinn

Skrivaren skal:

  • meistre ulike måtar å strukturere tekstar på
  • komponere teksten på ein føremålstenleg måte (t.d. sjanger)
  • meistre avsnitt som organiseringsprinsipp
  • bruke varierte koplingsmarkørar for å uttrykke samanheng i teksten.

 

Vurderingsområde 4: Språkbruk

Under Språkbruk vurderer ein ordval, setningsbygging og stil.

Etter 4. trinn

Skrivaren skal:

  • bruke fullstendige forteljande setningar, spørje- og bydesetningar
  • bruke utbygde substantivfrasar
  • ha noko variasjon i byrjinga av setningar
  • bruke eit relevant og variert ordtilfang, mellom anna omgrep frå skolefag
  • ha innslag av språklege verkemiddel
  • meistre bruk av indirekte og direkte tale som eit verkemiddel.

Etter 7. trinn

Skrivaren skal:

  • byggje opp komplekse og varierte setningar
  • bruke eit relevant, variert og presist ordtilfang, også fagomgrep
  • bruke ein relevant språkleg stil
  • bruke varierte språklege verkemiddel.

Vurderingsområde 5: Rettskriving og formverk

Under Rettskriving og formverk blir det vurdert i kva grad eleven meistrar reglane for korrekt skriftleg nynorsk eller bokmål.

Etter 4. trinn

Skrivaren skal:

  • meistre fonografisk skriving
  • samskrive samansette ord
  • bruke stor forbokstav i eigennamn og i ny setning etter punktum
  • meistre ikkje-lydrette pronomen og spørjeord
  • meistre bruk av dobbel konsonant i vanlege ord
  • meistre bruk av bøyingsverket i nynorsk.

Etter 7. trinn

Skrivaren skal:

  • meistre ortografisk skriving
  • meistre skiljet mellom og/å og da/når.

Vurderingsområde 6: Teiknsetting

Under Teiknsetting blir det vurdert om skrivaren meistrar dei formelle reglane for bruk av skiljeteikn.

Etter 4. trinn

Skrivaren skal:

  • meistre bruk av punktum, utropsteikn og spørsmålsteikn
  • bruke komma ved oppramsing
  • bruke komma framfor “men”
  • markere direkte tale med replikkstrek eller kolon og sitatteikn.

Etter 7. trinn

Skrivaren skal:

  • meistre bruk av kolon, parentes og bindestrek
  • bruke komma mellom heilsetningar
  • bruke komma etter leddsetningar.

Vurderingsområde 7: Bruk av skriftmediet

Under Bruk av skriftmediet blir den grafiske utforminga og handskrift vurdert.

Etter 4. trinn

Skrivaren skal:

  • skape tekstar med eit oversiktleg sideoppsett
  • bruke ulike uttrykksmiddel som verbalspråk, teikningar, bilde og symbol
  • markere mellomrom mellom ord tydeleg
  • bruke og følgje marg og linjer
  • markere overskrifta grafisk
  • markere avsnitt etter innleiing og framfor avslutning
  • skape estetisk tiltalande tekstar
  • bruke samanhengande handskrift
  • bruke leseleg handskrift.

Etter 7. trinn

Skrivaren skal:

  • skape eit oversiktleg og hensiktsmessig sideoppsett
  • markere avsnitt grafisk
  • kombinere ulike multimodale uttrykksmiddel for å skape heilskap og meining i teksten

bruke digitale tekstressursar med ulike kommunikative og estetiske føremål.