Om Normprosjektet

Status etter avslutta intervensjonar

Intervensjonar og datainnsamling på prosjektskulane blei avslutta i 2014. Mange av skulane held likevel fram med skriveopplæring og vurdering etter Normprosjektets modell, noko som er svært gledeleg.

Analysearbeidet føregår for fullt i forskargruppa. Fleire artiklar og rapportar er publiserte (sjå under fana Publikasjonar) og mange er på veg. Rapporten «Ble elevene betre skrivere?» samanfattar kvantitative resultat frå prosjektet og viser god effekt på elevane si skriveutvikling. Denne rapporten dannar viktige utgangspunkt for vidare analysar, mellom anna av vurderingsarbeid og tekstkvalitet. Prosjektet har fått mykje merksemd i fagmiljøa og blir møtt med stor interesse i praksisfeltet, til dømes i Oslo kommune. Presentasjonar på ei rekkje internasjonale konferansar har også ført til at Normprosjektet har vekt interesse utanfor Noreg, og det er såleis mange som ventar på samla resultat. Både internasjonale forskingsartiklar og ei bok retta mot norske lærarutdannarar og forskarar er under arbeid.